Sjukepleiar [Norway]


 

(i ny fane)


Om stillinga
Bli med på laget!

Ved Medisinsk sengepost A har vi 80 % stillingar ledig for sjukepleiarar.

Ved interne omrokeringar kan andre stillingar bli ledige. Aktuelle kandidatar kan bli kontakta fortløpande.

Medisinsk sengepost A inneheld lungemedisinsk, gastromedisinsk og hematologisk seksjon. Sengeposten er ein arbeidsplass med spanande utfordringar og varierte arbeidsoppgåver. Som sjukepleiar hos oss blir du ein del av ei positiv og fagleg engasjert sjukepleiargruppe.

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturar, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader.

Vi ber om at attestar og dokumentasjon på utdanning blir scanna og lasta opp som vedlegg til søknaden.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

28.05.2023

Arbeidsgivar:

Helse Møre og Romsdal HF

Stad:

Molde

Stillingstittel:

Sjukepleiar

Stillingar:

3

Heiltid / Deltid:

Deltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

80

Webcruiter-ID:

4663394864

Startdato:

05.06.2023


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleie til akutt og kronisk sjuke pasientar
  • Sjukepleieadministrative oppgåver
  • Legemiddelhandtering
  • Sjukepleieprosedyrer
  • Kontinuerleg forbedringsarbeid
  • Rettleiing av studentar og kollegaer
  • Samhandling med kommuner

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar
  • 3. års sjukepleiarstudentar kan også søkje
  • Beherskar norsk skriftleg og muntleg
  • Relevant erfaring vert vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Er positiv og har gode samarbeidsevner
  • Arbeide både sjølvstendig og i team
  • Motivert til å utføre varierte arbeidsoppgåver
  • Fagleg engasjert
  • Ansvarsbevisst
  • Løysningsorientert
  • Medverke til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Eit godt og positivt arbeidsmiljø
  • Dyktige og engasjerte medarbeidarar
  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver
  • Faglege utfordringar
  • Fagutvikling og kompetanseheving
  • Fagdagar i turnus
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår



Adresse:
Molde sjukehus, 6412 Molde
(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Mathilde Stranden
Seksjonsleiar
Telefon:
482 82250
E-post:
mathilde.stranden@helse-mr.no

Om arbeidsgivaren
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no


 

.

Post a Comment

Previous Post Next Post

Sponsored Ads

نموذج الاتصال